pianist, komponist, arrangør

Biografi

Trygve Brøske
Trygve Brøske
Trygve Brøske

Trygve Brøske er pianist og komponist/arrangør bosatt i Trondheim. Han har utdanninga si ifra Trøndelag Musikkonservatorium og Conservatoire de Musique de Genève der han gikk ut med Premièr Prix de virtuosité våren 2001.

Trygve er ein svært allsidig musikar og komponist, og har samarbeida med såpass ulike musikarar som Bjarne Brøndbo, Marianne Thorsen, Anne-Lise Berntsen, Sissel Kyrkjebø, Per Arne Glorvigen, Trondheimsolistene og Moskva Balalaikakvartett.

Som klassisk pianist har han m.a. vore solist med Trondheim Symfoniorkester, l’Orchestre de la Suisse Romande og St. Petersburg Academic Symphony Orchestra. Han har urframført verk av Erlend Skomsvoll, Henning Sommerro m.fl, og er dessutan en flittig bruka akkompagnatør og kammermusikar.

Trygve har spela i band med og akkompagnert ei rekkje norske pop-artistar, han spelar folkemusikk, og arbeider mykje som pianist og arrangør innan teater- og kabaretsjangeren. Dette har m.a. resultert i Trygve sitt eige Eisler Ensemble som rakk å gje ut to CDar saman med songeren Anne-Lise Berntsen. Han er òg komponist i teatersyndikatet Sjøkua, og tramporganist i Unni Boksasp Ensemble.

Han arbeider særleg mykje i duo-format innan klassisk-, samtids- og kabaret- sjangeren med m.a. songarane Isa Katharina Gericke og Tora Augestad.

Trygve Brøske er initiativtakar og kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen (www.stangvikfestivalen) som er ein årleg kammermusikkfestival med sterk vektlegging av samtidsmusikk. Han er tilsett som førsteamanuensis i klaverfag ved NTNU, Institutt for Musikk i Trondheim. Trygve fekk Spellemannsprisen for årets barneplate 2008 som komponist for Trondheim Sinfonietta, og Spellemannspris med Unni Boksasp Ensemble i klassen folkemusikk 2010.

Utdrag av kompositorisk aktivitet dei siste år:

  • The old song that got stuck in my head – uroppført under Trondheim Kammermusikkfestival september 2013. Obligatorisk verk under festivalen sin strykekvartett-konkurranse (TICC). (Tingingsverk støtta av Norsk Kulturråd)
  • Juleopera for Ny Musikk Trondheim, premiere desember 2011. Samarbeid med komponistane Maja Ratkje og Lasse Marhaug. (Støtta av Norsk Kulturråd).
  • Psalms, Songs, Proverbs and Words  for Nidarosdomens Guttekor, 2 solistar og symfoniorkester. Uroppført i Nidarosdomen oktober 2011. (Støtta av Det Norske Komponistfond).
  • Virginias brev – jule-familieforestilling ved Trøndelag Teater, premiere november 2010. For pianist, songarar/skodespelarar og elektronikk
  • Arr. for CDen Death – Smjertj med Eisler Ensemble og Anne-Lise Berntsen. Utgjeven september 2010.
  • Arctic Calling  for Nordnorsk Opera og Symfoniorkester med urfolk-solistar. Uroppført juni 2010. (Støtta av Norsk Kulturråd).
  • Ticks and Waves for Trondheim Sinfonietta. Uroppført mars 2010 (Støtta av Norsk Kulturråd).
  • Musikk til forestillinga Musika Mobile av Cirka Teater. For korps og buss! Uroppført under Olavsfestdagene 2009.
  • Musikk til barnetekstar av A. Bjerke og I. Hagerup for Trondheim Sinfonietta.
  • CDen Så rart…! desember 08. Spellemannspris-vinnar for årets barneplate 2008.
  • Arr for CDen Ohne Sentimentalität (2007/8) med Anne-Lise Berntsen og Eisler Ensemble, songar av Hanns Eisler
  • Dickens’ Et Juleeventyr for oppsetning på Trøndelag Teater 2007, elektronisk samt sang/kor
  • Arr for koret Cantus til CDen Rætt hjem (2007)
  • Ingen Nordmenn savnet (2007) – musikal for Trøndelag Teater
  • Skogsunderholdning (2007) – teatermusikk til Lisa B. Lie (Støtta av Norsk K.råd).

Kort Bio til programnotatar osv.

Pianist og komponist Trygve Brøske er ein svært allsidig musikar og har samarbeida med m.a. Isa Katharina Gericke, Bjarne Brøndbo, Gjermund Larsen, Sissel Kyrkjebø, l’Orchestre de la Suisse Romande og Moskva Balalaikakvartett. Han har gjeve ut to CDar med sitt eige Eisler Ensemble i samarbeid med songaren Anne-Lise Berntsen, og er tramporganist i folkemusikkbandet Unni Boksasp Ensemble. (Spellemannsprisvinnar i klassen folkemusikk 2010). Som komponist har han skrive verk for m.a Nidarosdomens Guttekor, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Trøndelag Teater, Norsk Hydro, Trondheim Sinfonietta og Trondheim Symfoniorkester. For tida arbeider han med kammeroperaen KibergOdysseen. Trygve er initiativtakar og kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen, og er til dagleg tilsett som førsteamanuensis i klaverfag ved NTNU, Institutt for Musikk i Trondheim.

Pressebilder